API-integrasjonen brukar stabile eksterne ID-ar og upsert-kall for å halde kunnskapsbasen synkronisert med systemet ditt. Når eit objekt vert oppretta eller endra hjå deg, sender du den oppdaterte entiteten til coreAI.
Produksjonsmiljøet ligg på `https://portal.coreai.no/api/v2`, og testmiljøet ligg på `https://stage.coreai.no/api/v2`. Kalla brukar Bearer-token, `assistantId` peikar på assistenten som skal svare, og `contentImporterId` peikar på API-kjelda der dataene vert lagra.
Upsert via `POST /assistants/{assistantId}/sources/{contentImporterId}` erstattar heile entiteten. `PATCH` kan brukast for mindre endringar, `DELETE` fjernar entitetar som ikkje lenger skal gje svar, og `GET` let integrasjonen hente ut éin eller fleire entitetar via eksterne ID-ar.